Vilkår for deltaking (2025)

Artikkel 1. Arrangør 

EuropaVox vart oppretta i 2006 med 2 hovudføremål: å hjelpe talent i Europa til å reise og formidle sin musikk over heile kontinentet, og å hjelpe musikkinteresserte til å oppdage nye dyktige artistar. Som ein del av EuropaVox sin prosjektperiode 2020 – 2024, delfinansiert av EU, vil EuropaVox Media bistå med å knyte saman musikarar og fans både digitalt og live. 

Høgskulen på Vestlandet har sterke og innovative forskingsmiljø innafor helse og sosialfag, ingeniørstudier, lærarutdanning, maritime fag, kultur og idrett, økonomi og leiing. HVL har ein profesjonsretta profil. Vårt institutt for kunstfag (IK) er proaktivt deltakande i nasjonale og internasjonale  forskingsmiljø, innovasjon og formidling av aktivitetar og resultat. Instituttet sin policy er å realisere denne aktiviteten tett på undervisning og tilsette sine arbeidsområde. IK tar på den måten sikte på å vere relevant med omsyn til å vidareutvikle kunstfaglege utdanningar av høg kvalitet i Noreg og vidare ut i verda.  

EuropaVox og HVL samarbeider om å arrangere den internasjonale finalen i EuropaVox Campus, lagt til Regensburg, Tyskland i veke 15, 2025, med internasjonal finale den 9. April. 

Artikkel 2 – Mål og eigenart 

Prosjektet si målsetjing er å fremje studentar sin kunstpraksis i ei kollektiv ånd ved å støtte opp kring studentband frå fleire europeiske land. Koplinga mellom ulike disiplinar (musikk, produksjon, kommunikasjonsarbeid) vert vektlagt for å gjensidig kunne dele kunnskap og erfaring på fleire felt.  

Prosjektet føregår på ulike europeiske lokalitetar og har som mål å bli kjend med dei kulturelle eigenartane ved kvar stad, samstundes som ein vektlegg samarbeidsperspektivet.  

Konkurransen er open for alle sjangrar av musikk frå vår samtid, under føresetnad at musikken ein vil delta med er originalkomposisjonar.  

Artikkel 3: Deltakarar 

Eit kvart band som består i hovudsak av studentar, kor minst ein er aktiv student ved HVL. Ein kan melde seg på som soloartist eller som band.  

Alle mindreårige må syne gyldig signert foreldresamtykke for å delta i tevlinga.

Artikkel 4: Vilkår for deltaking 

4.1 Prosjektet 
Deltaking krev 3 originalkomposisjonar. Coverlåtar er ikkje tillate. Juryen vil vurdere innsendte bidrag på bakgrunn av: 
– musikken: komposisjon, koherens, originalitet, potensiale 
– tolking: kvalitet på utføringa (presisjon, teknikk, kontroll) og scenisk framføring 

4.2 Påmelding 
For å delta lyt ein melde seg på online ved å fylle ut skjema som er tilgjengeleg frå prosjektet si lokale nettside for HVL: https://europavoxcampus.edublogs.org/

For å delta lyt ein laste opp: 

– presentasjon av band, medlemer, foto av band 
– 3 lydfiler med originalkomposisjonar som mp3, wav eller wma  
– lenke til video med bandet frå øving eller konsertframføring 

Påmelding er open i tidsrommet 20.11.2024 – 7.02.2025 

Ver merksam på: 
– alle deltakarar samtykker i å sende materiale dei sjølve har opphavsrett på. Coverlåtar, som originalt eller om-arrangert, er ikkje tillate. Ved å delta samtykker deltakande band i at ingen krav frå tredjepart kan verte aktuelle med omsyn til opphavsrett til materiale som vert framført. 

– I tilfelle juryen kårar til vinnar eit band som ikkje har opphavsrett til framført materiale, og om den som har opphavsrett vel å gå til søksmål mot arrangør, vil arrangør ta atterhald om å rette søksmålet vidare mot det deltakande bandet.  

– alle deltakarar pliktar å vere tilgjengeleg på dei følgande datoane og stadene for å delta i konkurransen: Bergen, Kronbar,  19.2.2025, Regensburg, Tyskland, i perioden 7. – 11.4.2025 

– Ein kvar søknad som ikkje er komplett eller sendt inn etter deadline, vil bli avvist.  

Endeleg deadline for å melde seg på er 7.2.2025 kl. 22:00 

Artikkel 5: Utvalsprosess 
 
Regional konkurranse: 
Ein jury samansett av representantar for arrangør, europeiske partnarar, og representantar frå musikklivet, vil på bakgrunn av innkomne søknader velje ut 5 band som får delta på den lokale finalen på Kronbar, 19.2.2024. 

Til sist i den lokale finalen kårar ein jury, basert på framføringa, ein vinnar som skal delta på den internasjonale finalen i Regensburd, Tyskland, den 9.4.2025.  

Internasjonal konkurranse:  

Vinnaren av den regionale konkurransen vert invitert til å spele på den europeiske finalen, som finn stad i Regensburg i Tyskland, 9.4.2025. Dette arrangementet resulterer i kåring av vinnaren av 2025 utgåva av EuropaVox Campus. Juryen vil vere samansett av representantar for arrangør, europeiske partnarar og det profesjonelle musikklivet.  

Vilkår for framføring: 

Kvart band har frå 20 – 25 minutt til framføring og må presentere eit minimum av 3 originalkomposisjonar, for å ikkje verte diskvalifisert. Artistane samtykker i å respektere tidsramma og å stoppe framføringa om arrangør skulle krevje det (ved overskriding av tid). Finalen den 9.4.2025 kan verte filma med føremål å promotere EuropaVox Campus som prosjekt. Innspeling av finalen kan og resultere i publisering av playlist for å promotere banda, og/eller for å kringkaste arrangementet live.  

Resultat frå lokal finale vert formidla på EuropaVox Campus si nettside. 

Ved behov lyt deltakande band sjølv dekke reiseutgifter og opphald til den lokale finalen.   

EuropaVox Campus premiar: 

Lokal finale: Dei regionale vinnarane (av lokal finale) vil delta i den europeiske finalen den 9.4.2025. 

Vinnarane vil bli introdusert til EuropaVox og partnarnettverk som representant for EuropaVox Campus Norway (inkludert innhaldsskaping, slik som intervju).  

Ved å delta på den europeiske finalen, vil vinnaren få coaching på scenisk framføring. Vinnaren vil og vere del av ein internasjonal delegasjon av studentar som gjennom finaleveka treffes og utvekslar idear i workshops og musikalske møter. 

Europeisk finale:  
Vinnaren av 2025-utgåva av EuropaVox Campus vill få internasjonal eksponering, støtta av innhaldsproduksjon (opptak av framføring, intervju etc. ) og støtte i form av oppretting av ei pressemappe. 

Vinnaren vil bli presentert for eit nettverk av EuropaVox partnarar i Europa, journalistar, representantar frå det profesjonelle musikkliv, og motta støtte til sitt prosjekt frå teamet bak EuropaVox.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *